SNOMED CT Managed Service - Norway Extension Release Notes - June 2026

SNOMED CT Managed Service - Norway Extension Release Notes - June 2026

Date

20260615

Document Version

1.0

Release Status

PRODUCTION

Release Dependency

May 2026 International Edition


Table Of Contents


Introduksjon

Helsedirektoratet leverer SNOMED CT-terminologi på både bokmål og nynorsk.

The International Health Terminology Standards Development organization (IHTSDO®), kjend som SNOMED International, vedlikeheld SNOMED CTs tekniske design, innhaldsarkitektur, SNOMED CT-innhald (inkludert omgrepstabellen, termtabellen, relasjonstabellen, historikktabellen og ICD-mappingtabellar) og relevant teknisk dokumentasjon.

Dette innhaldet er også tilgjengeleg på nettet i SNOMED CT-browseren og kan bli teke i bruk ved hjelp av ein fritt tilgjengeleg open kjeldekode i SNOMED CT-terminologiserveren Snowstorm frå SNOMED International.

Bakgrunn

Dette dokumentet inneheld eit samandrag av innhaldsendringar som er inkluderte i juni 2026-utgjevinga av SNOMED CT Managed Service Norway Extension-pakka.  

Dokumentet inneheld også tekniske meldingar som spesifiserer eventuelle aktuelle kjende problem. Det vil i så fall dreie seg om innhaldsproblem eller tekniske problem der rotårsaka er kjend og forstått, og ein har kome fram til ei einigheit om løysinga, men ikkje implementert ho enno.

Denne norske ekstensjonspakka er avhengig av den internasjonale mai 2026-utgjevinga av SNOMED CT og bør derfor brukast i samsvar med den.

Omfang

Dette dokumentet gir eit samandrag og har ikkje som formål å tilby ei detaljert skildring av tekniske spesifikasjonar av SNOMED CT eller omfatte alle endringar i utgjevinga.

Innhaldsutvikling

Denne utgjevinga inneheld både nye omgrep som er blitt oppretta i Noreg, og nytt og forbetra innhald frå den internasjonale utgåva av SNOMED, der nye omgrep er blitt tilgjengelege i Noreg og har fått norsk omsetjing.

Samandrag

Hierarki

Nye omgrep1

Nye beskrivingar/termar2

Body structure (body structure)

0

37

Clinical finding (finding)

1

343

Environment or geographical location (environment / location)

0

0

Event (event)

0

0

Observable entity (observable entity)

0

6

Organism (organism)

0

0

Pharmaceutical / biologic product (product)

56

174

Physical force (physical force)

0

0

Physical object (physical object)

0

4

Procedure (procedure)

0

57

Qualifier value (qualifier value)

0

2

Record artifact (record artifact)

0

0

SNOMED CT Concept (SNOMED RT+CTV3)

0

0

SNOMED CT Model Component (metadata)

0

0

Situation with explicit context (situation)

0

0

Social context (social concept)

0

0

Special concept (special concept)

0

0

Specimen (specimen)

0

2

Staging and scales (staging scale)

0

0

Substance (substance)

1

32

Andre

0

0

Totalt

58

657

1: Tabellen viser nye omgrep som er oppretta i Noreg.

2: Talet på nye beskrivingar inkluderer både tilrådde termar og synonym og omfattar både bokmål og nynorsk. 

Ei meir detaljert framstilling av statistikken for utgjevinga finn du på nettstaden https://browser.ihtsdotools.org/qa/#/descriptive-statisticsVel Norwegian Edition i rullegardinmenyen heilt øvst på sida.

Omsetjingar

Det er blitt gjennomført nokre rettingar av feilomsette omgrep og lagt til manglande synonym. I tillegg har ein god del omsetjingar blitt justerte for å sikre språkleg konsistens og kvalitet.

Nokre utvalde endringar:

  • I samarbeid med Termportalen har fleire omgrep fått nynorsk omsetjing.

  • Arbeidet med å endre «som skyldes» til «forårsaket av» held fram.

  • I samarbeid med SNOMED International jobbar vi med konsistens i omsetjingane av diagnoseomgrep med «ulcer» og «ulceration» i den engelske ordlyden. Dette arbeidet vil ta litt tid.

Omgrep

Det er oppretta 58 nye omgrep for legemiddelinnhald, kliniske funn og sjukdomar og ei rekkje andre hovudkategoriar basert på innmelde behov frå samarbeidspartnarar.

8 norskprodusert omgrep har i denne utgåva blitt inaktivert som følgje av at nytt internasjonalt innhald eliminerer behovet for dei norske omgrepa, eller grunna kvalitetsforbetringstiltak.

Mapping

Mapping frå SNOMED CT til ICD-10 er vurdert og utført for alle nyoppretta norske omgrep som høyrer inn under 404684003 |klinisk funn|, 272379006 |hendelse| og 243796009 |begrep med eksplisitt kontekst|. For dei omgrepa der det er aktuelt, er det også utført mapping til ICPC-2.

I vurderinga og mappinga er det norske versjonar av ICD-10 og ICPC-2 gyldige fra 1. januar 2026 som er nytta.

24 inaktiverte internasjonale omgrep er erstatta av anten eksisterende omgrep eller nyoppretta omgrep. Alle omgrep som erstattar inaktiverte omgrep i områda som er nemnde ovanfor, har fått ei vurdering av mappinga si til ICD-10 og eventuelt ICPC-2 (5 omgrep). Nokre av dei inaktiverte omgrepa er erstatta av meir enn eitt omgrep, der omgrepa til saman erstattar meiningsinnhaldet i det inaktiverte omgrepet.

Endring i mapping etter henvendingar frå sektor er også utført.

Referansesett

Som eit ledd i overgangen til forvaltning av nasjonale referansesett ved bruk av SNOMED Internationals Refset Tool 2 (RT2) blir no utvalde norske referansesett publiserte som ein del av den norske utgåva av SNOMED CT.

Oppdatering av og eventuelle endringar i referansesetta per juni 2026 vil bli publiserte som ein del av RF2-fila (med effectiveTime 20260615) som inneheld den norske utgåva av SNOMED CT datert 15. juni 2026 i MLDS.

Referansesett for sjukepleie:
138441000202109 |International Classification for Nursing Practice diagnosis in Norway (foundation metadata concept)|
138451000202107 |International Classification for Nursing Practice intervention in Norway (foundation metadata concept)|
138461000202105 |International Classification for Nursing Practice goal in Norway (foundation metadata concept)|

Referansesett for Helsedirektorates antibiotikarettleiarar:
107241000202101 |Norwegian directorate of health concept list for route of administration simple type reference set (foundation metadata concept)|
107291000202108 |Norwegian directorate of health concept list for medicinal products simple type reference set (foundation metadata concept)|
107261000202100 |Norwegian directorate of health concept list for strength unit simple type reference set (foundation metadata concept)|
107281000202106 |Norwegian directorate of health concept list for clinical findings simple type reference set (foundation metadata concept)|
1311000202107 |Norwegian directorate of health concept list for active substance simple type reference set (foundation metadata concept)|

Referansesett for tannhelse:
598051000202104 |Norwegian dental care core list of teeth simple reference set (foundation metadata concept)|
598041000202102 |Norwegian dental care core list of surfaces and regions simple reference set (foundation metadata concept)|
598071000202105 |Norwegian dental care core list of findings and disorders simple reference set (foundation metadata concept)|
598061000202101 |Norwegian dental care core list of procedures simple reference set (foundation metadata concept)|

Tekniske meldingar

SNOMED International har varsla om to planlagde tekniske endringar som kan ha følgjer for lokal implementering.

Inaktivering av indikatoren «concept non current»

1. januar 2026 blei indikatoren «concept non current» (CNC) avvikla i den internasjonale utgåva etter innspel frå medlemsland. Alle noverande CNC-indikatorar er blitt inaktiverte, og ingen nye vil bli lagde til. CNC-indikatoren er blitt brukt til å markere at ein term («description») tilhøyrer eit inaktivt omgrep («concept»). CNC-indikatorar er overflødige ettersom omgrepa sjølv har ein aktivstatus som indikerer om dei er aktive eller inaktive. Dersom nokon bruker CNC-indikatorar i implementeringa av SNOMED CT i dag, må dei gå vekk frå det før dei implementerer den internasjonale 2026-01-01-utgåva eller ei utgåve som er avhengig av ho. Den norske SNOMED-utgåva som blei publisert i mars 2026, bygde på internasjonal 2026-01-01.

Meir informasjon om bakgrunnen for endringane finn du i briefing note frå SNOMED International.

Auke i maksimal termlengd

Maksimal lengd på FSN vil auke fra 255 til 4096 teikn. Endringa blir implementert i den internasjonale utgåva i juli 2026. Dette blir varsla god tid i førevegen for å gje folk tid til å gjere eventuelle nødvendige endringar i si lokale implementering. Dette vil vere aktuelt til dømes dersom dagens teikngrense på 255 er hardkoda i den lokale implementeringa, eller om lengre FSN-ar vil skape trøbbel for implementeringa i andre system. Det umiddelbare behovet for lengre FSN-ar gjeld berre eit fåtal legemiddelomgrep, som vil bli rundt 330 teikn lange.

Meir informasjon om bakgrunnen for endringane finn du i briefing note frå SNOMED International.

Kjende feil

Kjende feil er innhaldsfeil eller tekniske feil der rotårsaka er kjend og ein er blitt einige om ei løysing som ikkje er implementert enno. Det kan kome av ei rekkje forhold, frå tidsmangel innanfor tidsskjemaet med månadlege utgjevingar til risiko for innverknad på stabiliteten av SNOMED CT dersom løysinga skulle bli implementert på eit seinare stadium i livssyklusen til produktet.

For den noverande internasjonale utgåva av SNOMED CT er følgjande problem identifiserte, men med ei løysing først i ein framtidig redaksjonssyklus:


Approvals

Final Version

Date

Approver

Comments

1.0

Jun 2, 2026

Vegard Storsul Opdahl

Approved


Draft Amendment History

Version

Date

Editor

Comments

0.1

May 26, 2026

Andrew Atkinson

Initial draft created

0.2

May 26, 2026

Leong Hui Wong

Draft updated

1.0

Jun 2, 2026

Vegard Storsul Opdahl

Final revisions

 

Copyright © 2026, SNOMED International